Kom
Kom!
Vil do 'kje høyre ein song? La ulvane hyle i veg. Det er ingen som ser at me dreg.
Eg skal synge den berre for deg. Eit hjelpelaust tåpeleg vers, Men det er henta frå engelsk kommers.
Så skal eg halde deg lageleg varm i vid forstand. Så kom! Kom! Kom! Vil do 'kje høyre ein song?
Tull! do veit 'kje om månen er full når sikten er så å sei null, og alle ser for seg eit -soveromsglas. Under ligg do i din soveroms stas, og inn kjem ein morgon med snus og nykoka kaffe i krus.
Og den, den skal halde deg lageleg varm i vid forstand. Så kom! Kom! Kom! Vil do 'kje høyre ein song?
Så tek do vel kåpa di på. Og eg har fått terningkast to, Men kaffien, den sa do var god.
Dagen kjem og me er 'kje ilag, for venus er faen så vrong. Og eg skriv nok endå ein song.
Og den, den skal halde meg lageleg varm i vid forstand Så kom! Kom! Kom! Vil do 'kje høyre ein song?