Ute på ski

Kven er det som treskar over isen
Det er far som er ute på ski
Med lua si godt oppi panna
På eit hovud som har teke fri
Og takta er ujamn men rullar
Seg fram i sin asymmetri
Det er knirk i binding og sus i ski
Eit søkk og eit dirr når ein stav går i
Og det fins både tekst og ein melodi
Ja det fins både tekst og ein melodi
I eit treskeverk som rullar forbi
Når far når far er ute på ski

Og tankane byrjar å flyge
I kloke og lure ord
Om det han skulle seia til sjefen
Og det han skulle sagt te mor
Det rullar seg ut dialogar
Med lysande bra poeng
I knirk i binding og sus i ski
I eit søkk og eit dirr når ein stav går i
Der fins både tekst og ein melodi
Ja der fins både tekst og ein melodi
I eit treskeverk som rullar forbi
Når far når far er ute på ski

Snart er det sjølve romanen
Som vaker her like ved
Orda er nesten på tunga
Det er ein kjempe romanidé
Far finn fram telefonen
Må stoppe og ta notat
Så blir alt borte på ein to tre
Men i knirk i binding og sus i ski
I eit søkk og eit dirr når ein stav går i
Der fins både tekst og melodi
Ja der fins både tekst og ein melodi
I eit treskeverk som rullar forbi
Når far når far er ute på ski

Curiosidades sobre la música Ute på ski del Odd Nordstoga

¿Cuándo fue lanzada la canción “Ute på ski” por Odd Nordstoga?
La canción Ute på ski fue lanzada en 2022, en el álbum “Inn i skogen”.

Músicas más populares de Odd Nordstoga

Otros artistas de Hardcore metal