Trur du på lyng?: IV. Livnar til
Ståle Kleiberg, Helge Torvund
Trøytt av mange slags skuffa stemmer
søkte eg trøyst på den stille sletta
Å trekkja pusten og ta imot eit heilt univers
krev nesten meir enn ein
er i stand til
Men brått ser ein rødstrupe på deg
og så kikkar eit ekorn fram
bak ein furustamme
Eit rådyr kjem ut av krattet for å drikka
seg utøyrst i elva
og blikket ditt flyg inn i dette
og du vert til
verda
og hendingane og
alt som pustar i deg
livnar til i tillit
til noko ein aldri heilt
har ord for