Trur du på lyng?: I. Fruktbar stille
Ståle Kleiberg, Helge Torvund
Det finst ei stille
som fråværet av bier i januar
Lyden av det
som ikkje tek plass
Songen av det
som aldri vert sagt
Det finst ein pause
når folk snakkar saman
fem hundre millisekund
før neste replikk frå den andre
Det finst noko uhøyrleg
som omgir steinane
ute på det frosne jordet
og det utstoppa ekornet
bak glaset i skapet i gangen
i den store skulebygningen
Det finst ein stad
der alle desse lydlause stundene
er samla
til ei overdøyvande
fruktbar stille
som ventar på oss