Det Lyser i Stille Grender

Jakob Sande, Thomas Beck, Havard Gravdal, Lars Soraas

Det lyser i stille grender
Av tindrande ljos i kveld,
Og tusene barnehender
Mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar
Sin broder i himmelhall,
Som kom og vart heimsens Frelsar
Som barn i ein vesal stall.

Der låg han med høy til pute
Og gret på si ringe seng,
Mens englane song der ute
På Betlehems aude eng.

Hmmm

Der song dei for fyrste gongen
Ved natt over Davids by
Den evige himmelsongen
Som alltid er ung og ny.

Den songen som atter tonar
Med jubel kvar julenatt
Om barnet, Guds Son, vår frelsar
Som døden for evig batt.
Om barnet, Guds Son, vår frelsar.
Som døden for evig batt.

Hmmm

Músicas más populares de Ulrikke

Otros artistas de Electro pop