Den fagraste rosa

Den fagraste Rosa er funni
Ho upp millom Klunger er runni
Vaar Jesus den dyraste Blomen
Rann upp av ei Ætt under Domen

For sidan me misste den Æra
Guds Bilæt i Hjartat at bera
Laag Verdi i Øyda og Villa
Og Dauden oss herjade illa

Men Herren ei Rosa let bløma
All Verdi til Sæla og Søma
Og Angen til Himmelen stiger
Vaar Jord til Guds Hage ho viger

So blømer Guds Kyrkja med Æra
Og yndige Frugter kann bera
I Kristo ho andar og liver
Han Væta til Voksteren giver

No skulde vel Verdi med Gleda
Til Frelsaren Lovsongar kveda
Men Mange paa Klungrarne glosa
Og sjaa ei den himmelske Rosa

Du Syndar kvi vil du deg herda
Som Klungren med Broddar deg gjerda
Med storlaatne Tankar i Sinne
Som Tornarne strake og stinne

Stig ned fraa den sjølvgjorde Hægdi
Og graat fyr din Frelsar i Lægdi
So skal du hans Kjærleike kjenna
For Rosor i Dalarne renna

No Jesu du stendig skal vera
Mi Rosa mi Pryda og Æra
Du eine mitt Hjarta skal taka
Di Søta eg evig skal smaka

Mi Rosa meg pryder og fagnar
Mi Rosa meg gleder og gagnar
Dei synduge Lyster ho driver
Og mildt under Krossen meg liver

Lat Verdi meg truga og tvinga
Lat Tornarne riva og stinga
Naar Hjartat umsider vil bresta
Eg Rosa paa Brystet vil festa

Músicas más populares de Sissel

Otros artistas de Romantic