Tenn lys

Sigvald Tveit

Tenn lys!
Eit lys skal brenne
for denne vesle jord,
den blanke himmelstjerna
der barn og blomar gror.
Må alle dele vona
at gode ting vil skje.
Må jord og himmel møtast,
eit lys er tent for det.

Tenn lys!
To lys skal skine
for kjærleik og for tru,
for dei som alltid elskar,
for dei som byggjer bru.
Må fangar verte frie
og heimlause få ly.
Tenn lys for dei som sørgjer,
kveik deira mot på ny.

Tenn lys!
Tre lys skal flamme
for alle som må slåst
for rettferd og for fridom
og saknar stø frå oss.
Må ingen misse motet
før fridomsklokka slår.
Tenn lys for fred og rettferd
på heile jorda vår!

Tenn lys!
No stråler alle
dei fire lys for han
som elskar alt som lever,
kvar løve og kvart lam.
Tenn lys for himmelkongen
som kjem med lys og fred.
No møtest jord og himmel
og englar jublar med.

Músicas más populares de Herborg Kråkevik

Otros artistas de Folk pop