Veslemøy
Edvard Grieg, Arne Garborg
Ho er mager og myrk og mjaa
Med brune og reine Drag
Og Augo djupe og graa'
Og stilslegt drøymande Lag
Det er som det halvt um halvt
Laag ein Svevn yver heile ho
I Rørsle Tale og alt
Ho hev denne døyvde Ro
Under Panna fager men laag
Lyser Augo som bak ein Eim
Det er som dei stirande saag
Langt inn i ein annan Heim
Berre Barmen gjeng sprengd og tung
Og det bivrar um Munnen bleik
Ho er skjelvande sped og veik
Midt i det ho er ven og ung