Bildet
Det e løye men sant
Du e bildet eg aldri såg
Men ikkje kan glømma
Ordå som aldri blei sagt
Men som eg måtte gjømma
Du e den eg aldri tok på
Men som rørte djupt ved meg
Du e svaret som eg ber om
Men som alltid bare e på veg
Men me ramme deg inn
Et umettelig behov
For å temma og skjønna
Frykt for å bli forlatt
Og trang tå forskjønna
Alt som e vondt og vanskeligt
Kan du tilgi oss for det
Du som ikkje lar deg fanga
Du som var og blir og alltid e
Det e løye men sant
Du e songen i mi sjel
Eg knapt nok kan hørra
Du e den som gir meg svar
Med å fritt' ut og spørra
Du e den eg aldri tok på
Men som rørte djupt ved meg
Alltid årvåken urolig
E den freden som eg fant hos deg