Den Bortkomne Sauen

Langt innpå ville heii i kalde ver og vind
Der gjekk den ville sauen visste korkje ut held' inn
Han gjekk og sveiv og dreiv der åleine att og fram
Med storm og uver rasa og lite mat han fann

Men hyrdingen han sakna den sau som borte var
Og utpå leiting fór han i fjell og dal og skar
Til sist so fann han sauen forkomen trøytt og arm
Og la han oppå herdi med kjærleik mild og varm

Og no var sauen frelst ifrå kulde naud og natt
Og hyrdingen seg gledde fordi han fann han att
Han kalla saman vener dei gledde seg i lag
Fordi den ville sauen var komen heim i dag

Ja eg var denne sauen som gjekk på ville veg
Og Jesus var den hyrdingen som leita etter meg
Han frelste meg frå syndi og gav meg hjartefred
Og difor vil eg lova han i tid og evighet

I himlen vert det glede når ein syndar vender om
Ifrå den ville vegen som er så kald og skum
Høyr hyrdingrøysti kallar: kom heim frå ville veg
Så vert du frelst frå syndi som ned mot myrkeret dreg

Otros artistas de Traditional folk